Bil på taket i Utvik
Politiet har fått melding om at ein bil har køyrt av vegen og gått rundt på taket på fylkesveg 60 på veg ned mot Utvik frå Utvikfjellet. Føraren, ein mann i 50-åra, er frakta til Førde sentralsjukehus med Luftambulansen. Politiet opplyser at det ikkje er mistanke om promillekøyring.