Hopp til innhold

Bil på taket

Ein bilførar i 20-åra vart sent til lege for ein sjekk etter at bilen han sat i enda på taket i Erdalen i Førde seint onsdag kveld. Bilføraren var åleine i bilen då uhellet skjedde. Naudetatane vart sendt til staden. Det er ikkje mistanke om promille, skriv politiet på Twitter.