Hopp til innhold

Bil hamna på taket og begynte å brenne

Ein bil med tre personar hamna på taket og tok fyr i Bremanger.

Trafikkuhell ved Ryland

Politiet fekk torsdag kveld melding om at ein bil hamna på taket ved Ryland på fylkesveg 616 mellom Hauge og Kalvåg i Bremanger.

– Det var tre personar i bilen, opplyser Olaug Holme ved politiets operasjonssentral i Florø.

Alle personane kom seg ut av bilen. Ifølgje politiet skal det vere snakk ompersonskade, men det er førebels ukjent kor skadde vedkomande er.

– Passasjerane er sende i vanleg ambulanse til Svelgen legekontor for undersøking, fortel Holme.

Det skal ha oppstått brann i motoren på bilen, men den er no sløkt, opplyser politiet.

Meldinga om uhellet kom klokka 19.37.