Hopp til innhold

To trafikkuhell på same glatte veg

Tre personar er sendt til sjukehus etter to trafikkuhell på under ein time på fylkesveg 55 gjennom Luster.

Trafikkuhell i Luster

TRAFIKKUHELL: Ein bil hamna i fjellveggen ved Kvamshaugen i Luster.

Foto: Christian Blom

Naudetatane rykte ut etter melding om det første uhellet klokka 1024. Ein bil med to personar var involverte i uhellet ved Kvamshaugen.

Trafikkuhell i Luster

SKADER: Bilen fekk ein del skade

Foto: Christian Blom

Begge, ein mann og ei kvinne i 60-åra, vart sendt til sjukehus i Lærdal med ambulanse.

– Bilen står i vegbana, men har gått rundt på hjula og vore borti fjellveggen. Det er glatt på staden, opplyser operasjonsleiar Inge Værøy ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Vegen er ikkje stengd som følgje av uhellet.

Trafikkuhell ved Marifjøra

MARIFJØRA: Ein person sat i bilen som køyrde av vegen ved Marifjøra.

Foto: Christian Blom

Like etter uhellet ved Kvamshaugen, klokka 1013, fekk politiet også melding om ein bil som hadde køyrt av vegen mellom Hafslo og Marifjøra.

Politiet opplyser at bilen snurra 180 grader på hjula og køyrde i grøfta. Førar, ei kvinne i 30-åra, blir frakta til Førde sentralsjukehus. Skadeomfanget er uvisst.

Statens vegvesen opplyser at fylkesveg 55 var ein periode stengd ved Marifjøra mellom Sogndal og Prestesteinsvatnet grunna bilberging.

Kvamshaugen