Hopp til innhold

Bil med hengar mista lasta - lastebil fekk tønne i fronten

Politiet har fått kontakt med føraren av ein personbil med hengar, etter eit trafikkuhell på riksveg 5 i Flora. Politiet bad publikum om tips då bilføraren unnlét å stoppe.

Eikefjord

– Vi veit ikkje om bilføraren har merka at han mista lasta, opplyste operasjonsleiar Espen Gulliksen ved Vest politidistrikt sin operasjonssentral i Sogn og Fjordane til NRK litt før klokka 11 torsdag.

Fekk skader i fronten

Lastebilen var på veg i retning Florø på riksveg 5 då den møtte ein personbil med hengar like ved avkøyrsla til gamlegen vest for Eikefjord. Fartsgrensa er 70 km/t på staden.

– Bakpå hengaren hadde han nokre blå tønner. Den eine ramla av og trefte lastebilen i fronten. Det er gjort skade på bilen.

Bilføraren køyrde vidare i retning Førde utan å stoppe.

– Men vi ønskjer tips om nokon observerer ein slik bil. Det er mogleg desse tønnene er dårleg sikra, sa Gulliksen.

Snudde og kom tilbake

Politiet hadde så sjølv patrulje ute for å sjå etter bilen med hengar. Kort tid etter at etterlysinga var ute i media hadde ein fått kontakt med bilføraren.

– Vedkommande snudde og fekk kontakt med føraren av lastebilen som hadde fått skadar. Etter kvart fekk også politiet kontakt med vedkommande. Vi har fått sjekka lasta og tatt ein prat med vedkommande, opplyser Gulliksen klokka 11.25.

Politiet fann at lasta som var att var sikra, men hendinga får likevel etterspel.

– Vi melder saka og etterforskar den. Den er ikkje godt nok sikra når lasta ramlar av, så får vi sjå om det var aktlause som var årsaka, avsluttar operasjonsleiaren.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold