Hopp til innhold

Bil med fire personar utfor vegen

Naudetatane rykte sundag ut etter at ein bil med fire personar køyrde av vegen mellom Lavik og Leirvik i Hyllestad kommune.

Ulukke Leirvik Lavik

KRAFTIG TRYKK: Bilen har hamna langt utfor vegen på turen mellom Leirvik og Lavik.

Foto: Tore Bråstad

– Bilen har køyrt av vegen og gått rundt, seier operasjonsleiar Odd Arve Solvåg ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Naudetatane er på staden.

– Skadeomfanget er førebels ukjend, seier Solvåg.

Ingen personskade

Klokka 12.50 opplyser Solvåg at det har gått fint med dei involverte.

– Ein person hadde litt smerter, men ville ikkje ha legehjelp. Dei tre andre er heilt uskadde, seier operasjonsleiaren.

Politiet ynskjer no å kome i kontakt med føraren av ein mørk Ford som passerte bilen som køyrde av vegen. Politiet meiner føraren kan av informasjon om kva som skjedde då uhellet var ute.