Hopp til innhold

Bil med fire personar på elva i Sogndal

Ein bil med fire personar køyrde laurdag kveld på elva ved Nortura i Sogndal. Alle naudetatar rykte ut.

Ein bil med fire personar køyrde i elva i Sogndal laurdag kveld; alle i bilen kom seg uskadde ut

OPP ATT: Etter ulukka sjekka dykkarar bilen og festa tau, før ein redningsbil heiste bilen opp att. Foto/redigering: Christian Blom

Politiet fekk meldinga klokka 22.21. Det var fire personar i bilen, alle utlendingar, opplyser politiet.

– Alle kom seg ut ved eiga hjelp, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Nils Erik Eggen til NRK.no

Sendt til legevakt for kontroll

Det skal ikkje vere snakk om personskade.

– Dei fire som var i bilen er tilsynelatande ved god helse, seier Eggen.

Dei skal ha hosta og harka litt, men politiet har ingen indikasjonar på at dei er skadde. Ein eller fleire av dei har truleg svelgt ein del vatn.

– Dei vart sendt til legevakt for kontroll, seier Eggen.

Sikta for køyring i rusa tilstand

Bil Sogndal

HEILT UNDER: Bilen gjekk heilt under, og dykkarar måtte ut å sjekke etter menneske og feste redningstauet.

Foto: Christian Blom / NRK

Det er førebels ukjend kva som gjorde at bilen hamna i elva.

Klokka 01.25 opplyser politiet sin operasjonssentral at dei mistenkjer køyring i rusa tilstand. Dei involverte vert framstilte for blodprøvetaking.

Sundag morgon opplyser politiet at førar av bilen er sikta for køyring i rusa tilstand. Det er teke blodprøve av han og førarkortet er kverrsett.

Saka vert etterforska vidare ved Sogndal lensmannskontor.

Har heist bilen opp att no

Ifølgje NRK sin mann på staden var dykkarar frå brannvesenet raskt ute og sjekka at det ikkje var personar att i bilen.

Dykkarane festa også tau i bilen. Ein redningsbil har trekt bilen ut av elva.

Bil i elva Sogndal
Foto: Christian Blom / NRK