Hopp til innhold

Bil med fire personar hamna nesten i fjorden

Ein bil med fire personar enda opp i fjæresteinane etter å ha køyrt av vegen ved Fureholmen båthamn i Florø.

Bilulukke Florø

NESTEN: Ein bil hamna nesten i fjorden etter å har køyrt av vegen ved Fureholmen i Florø.

Foto: NRK-tipsar / NRK

Ulukka skjedde då bilen køyrde utfor vegen i høgresving. Den ville ferda enda opp i sjøkanten om lag ti meter nedanfor.

Dei fire ungdomane i bilen skal alle vere oppegåande etter ulukka.

– Dei blir undersøkte av helsepersonell på staden. Bilen står ned mot fjæresteinane på fylkesveg 548 som går ovanfor båthamna, seier Inge Verøy ved operasjonssentralen i Florø.

Dei fire vart seinare teken med til lege for kontroll.

Hamna nesten i fjorden

TRENGDE HJELP: Bilen vart seinare taua opp av ein redningsbil.

Foto: NRK-tipsar / NRK
Bilulukke i Florø