Hopp til innhold

Bil med fire kinesarar har køyrt i elv

Ein bil med fire personar har køyrd ut i ei elv i Utvik i Stryn. Personane skal sjølv ha kome seg ut av bilen og skal vere oppegåande.

Ulukke i Utvik

– Naudetatane er på veg til staden. Uhellet har skjedd litt nedanfor Karistova på fv 60 i retning Utvik, opplyser politiet i Sogn og Fjordane på Twitter.

Politiet opplyser vidare at alle dei fire som var i bilen er kinesarar.

Vegtrafikksentralen opplyser at vegen er open for fri ferdsel, men at fv 60 kan bli stengd når bilbergar kjem til staden.

Politiet ønskjer å kome i kontakt med vitne til hendinga. Første person til staden køyrde ein Toyota Rav4, og politiet ber vedkomande om å ta kontakt.