Hopp til innhold

Bil køyrde rett inn i steinras

Ein bil har køyrt inn i steinane som har rasa ned på riksveg 5 ved Erdalen mellom Førde og Naustdal.

bil køyrde i steinras på riksveg 5 ved erdalen

INGEN PERSONSKADE: Men bilen må hentast av bilbergar.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Den bilen har fått skade og må ha bilberging, men det er ikkje meldt om personskade, seier operasjonsleiar for politiet, Wenke Hope.

Ifølgje Hope er det snakk om tre-fire steinar med ein storleik på mellom ein halv og ein heil meter i diameter. Bilen hamna oppå ein av steinane og fekk store skadar på undersida av bilen.

– Vegen er stengt fram til entreprenøren har fått rydda. Dette er ein plass der det har gått ras tidlegare, så vi rår folk frå å gå inn i området for å sjå, seier operasjonsleiaren.

Klokka 08.45 har Statens vegvesen opna vegen og driv manuell dirigering på staden. Ein geolog er på veg for å vurdere rasstaden, men klokka 11.00 er det framleis usikkert når det vil skje.

Var stengd vel ein time

Steinane ligg omtrent der ein køyrer av til bossplassen. Dei første meldingane om raset kom rett før klokka 08.00.

– Mesta har vore på plassen og dei vil ha vurdering av Statens vegvesen før dei vil opne vegen igjen, sa Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen like før klokka 08.30.

steinras erdal riksveg 5

MANUELL DIRIGERING: Trafikken får passere på staden.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Kor lenge vegen blir stengd er han usikker på.

– Det blir ei vurdering no når det lysnar, men før det kan eg ikkje seie kor lang tid det vil ta.

Har kome høgt ovanfrå

Området er kjend for å vere rasfarleg, og det er ikkje første gong det har kome ned steinar i vegen her.

– Ut frå det som ligg i vegen så er det ikkje all verda med arbeid å få det fjerna, men det er først og fremst med tanke på tryggleiken til vegfarande at vi ventar. Entreprenøren vurderer det slik at raset har kome høgt ovanfrå, så ein må sine forholdsreglar, seier Erikstad.

Erdal