Hopp til innhold

Ein person frakta vekk i ambulanse etter utforkøyring

Politiet veit ikkje årsaka til utforkøyringa på E39 på Egge i Breim. Men det er svært glatt på staden.

Bil grøfta ved Egge

I GRØFTA: Ein bilist hamna i grøfta på E39 på Egge i Breim i går.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Vedkommande vart frakta vekk i ambulanse, seier operasjonsleiar Per Rimmen ved Operasjonssentralen i Sogn og Fjordane

Det var rundt klokka 07 at politiet fekk melding om trafikkuhellet. Ein bil hadde køyrt av vegen og det var ein person i bilen.

– Vi veit førebels ikkje noko om skadeomfanget på vedkommande.

Ein innringar tipsa om at det er svært glatt på staden. Det kan også politiet stadfeste.

– Det er ganske glatt på staden ja. Men førebels veit vi ikkje årsaka til ulukka.

E39 var stengt i rundt 5 minutt for å få bilen opp av grøfta.