– Bilen køyrde i fjellveggen på austsida av Grasdalstunnellen, seier Nina Andal ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.
Politiet og ambulanse kom raskt til staden.
Ikkje alvorleg skadd
Føraren av bilen, ein mann, kom frå Grotli i retning Stryn.
– Han køyrde inn i fjellveggen like utanfor tunnelen, seier operasjonsleiar hjå politiet i Sogn og Fjordane, Olaug Holme.
Mannen skal vere oppegåande og er framleis på staden, opplyser politiet.
– Alt tyder på at mannen ikkje er alvorleg skadd, seier Holme.
Svært bratt skråning like ved
NRK sin reporter på staden seier at bilen trefte tunnelmunninga rett ved kanten. To meter til sida er det 20–30 meter rett utanfor ein svært bratt skråning.
Bilen har kome over i motsett køyrefelt og trefte veggen. Det ligg 3–4 centimeter med snø i vegbana, og bilen hadde sommardekk.
– Førarkortet er kverrsett, mellom anna fordi han ikkje hadde vinterdekk, seier Holme i politiet.