Hopp til innhold

Bil i fjellveggen på E39

Ein bil har køyrt i fjellveggen like aust for Lavik på E39.

Lavik

– Føraren av bilen framstår som uskadd, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Inge Værøy.

Uhellet vart meldt like før klokka 16.00.

– Det skal ikkje ha vore andre køyretøy involverte i uhellet. Bilen har komme frå Lavik i retning Vadheim då uhellet skjedde, seier Værøy.

Bilen har køyrt i fjellveggen ikkje så langt frå Alværa.