Hopp til innhold

Bil i elva i Naustdal

Ein bil har hamna utfor vegen i Naustedalen i Naustdal, og to ambulansar og ein brannbil er på veg til staden. Bilen skal ha hamna i elva.

Naustdal

– Naudetatane er ikkje framme endå, så vi veit ikkje så mykje. Vi veit at det er ein bil som har køyrt utfor vegen, og han kan ha hamna i elva, seier Bengt Ness ved operasjonssentralen i Vest politidsitrikt.

Det var rundt klokka halv fem i ettermiddag at dei tre bilane frå naudetatane vart observert på veg frå Førde til Naustdal.

Utforkøyringa skal ha skjedd på gamlevegen i Naustedalen. Det er endå ikkje kjent om folk har kome til skade.

Vi oppdaterer saka