Hopp til innhold

Bil i autovernet - føraren har forlate staden

Politiet fekk melding klokka sju om at ein personbil hadde køyrt i autovernet på E39 ved Mo. Føraren hadde reist frå staden, og politiet har avsluttta leitinga etter mannen.

Ulukke på Mo

I AUTOVERNET: Den fremste bilen har køyrt inn i autovernet, og føraren har forlate staden.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Føraren har forlate bilen og politiet leitar no etter eigaren, opplyser operasjonsleiar Inge Værøy ved Sogn og Fjordane politidistrikt klokka 07.20.

Klokka halv elleve opplyser politiet at dei ikkje lenger leitar etter føraren av bilen.

– Dersom personen vil ha tilbake bilen sin får han kontakte politiet, seier Trond Hatlenes ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Har forlate ulukkesstaden

– Vi har fått tak i dottera som var passasjer i bilen. Ho var også reist frå staden, seier Hatlenes.

Årsaken til at politiet ikkje får tak i føraren skal vere ein øydelagd telefon.

Det er likevel ikkje greitt å forlate ulukkesstaden før politiet har vore der, seier Hatlenes.

Politiet veit ikkje kvifor føraren har forlate staden.

Vegen er open

Bilen sperra tidlegare halve av den eine køyrebana, men vegen det er no fri ferdsel på ulukkesstaden.

– Bilen vil snart bli fjerna av bilbergar. Det er ikkje store materielle skader på bilen, så det er ingenting som tilseier at føraren skal vere skada, seier Værøy klokka 07.50.

Mo2