Til alt hell gjekk det godt med bilføraren som i går kveld opplevde at varebilen sklei utfor vegen i byggefeltet Kyrkjebakken i Sogndal.
- Bilen sklei sakte men sikkert nedover og var umogleg å stoppe. Eg drog i handbrekken og fekk snudd snuten fram, seier den uheldige mannen etter ein noko ufrivilleg aketur.
Varebilen stoppa ikkje før den var ein meter frå huset hundre meter lengre nede. Der vart den ståande fast på ein murkant.