Hopp til innhold

Full utrykking til bilulukke på Eid

Ein bil køyrde måndag ettermiddag utfor ein privat veg ved Haugen i Eid kommune.

Full utrykking til bilulukke på Eid
Foto: Øystein Torheim

– Det var ein person i bilen og har ikkje vore andre bilar involvert, seier operasjonsleiar Odd Arve Solvåg ved politiet sin operasjonssentral i Sogn og Fjordane.

Alle naudetatane rykte ut, og eit ambulansehelikopter er på staden.

– Skadeomfanget er førebels ukjend, alle naudetatane jobbar med sine oppgåver på ulukkesstaden akkurat no, seier Solvåg.

Klokka 14.30 opplyser politiet at mannen vart sendt med helikopter til Haukeland universitetssjukehus.

Ulukka skjedde på ein privat veg på Haugen. Årsaka til utforkøyringa er så langt ukjend for politiet.

NRK oppdaterer saka.

Utforkøyring ved Haugen
Foto: Øystein Torheim