Hopp til innhold

Bil hamna på taket - tenåring til sjukehus

Ein gut i slutten av tenåra er sendt til sjukehus etter eit trafikkuhell ved Sørpollen i Vågsøy.

Sørpollen

Guten, som var åleine i bilen, melde sjølv frå om ulukka like før klokka 03.

– Han forklara at han køyrde av vegen på regnvåt vegbane og trefte ein stein. Bilen hamna på taket i vegbana, opplyser operasjonsleiar Espen Gulliksen ved Vest Politidistrikt sin operasjonssentral i Florø.

Uhellet skjedde på fylkesveg 618, like etter avkøyrsla ved Allmenningsfjellet. Mannen kom seg sjølv ut av bilen. Han vart sendt til sjukehus.

– Han var litt omtåka og svimmel og klaga på smerte i brystet. Det kan ha vore bilbelte for det vi veit. Det er også mogleg at han hadde brote ankelen, seier Gulliksen.

Saka blir følgd opp av politiet.

– Så lenge det er mistanke om personskade, så skal politiet følgje opp med avhøyr og åstadsundersøking. Og det er gjort, seier operasjonsleiaren.