Hopp til innhold

Bil hamna i elva i Naustdal

To bilar var involverte i ulukka på riksveg 5 i Naustdal.

Bil i elva, naustdal

ULUKKE: Begge sjåførane skal vere ute av bilane og frakta til legevakta, melder politiet.

Foto: Jan Erdal / Privat

– Naudetatane er på staden og jobbar med saka, fortel Magne Faleide ved politiet sin operasjonssentral i Florø.

Begge sjåførane er ute av bilane. Dei er skada, og vil bli køyrde til legevakta,.

– Dei er truleg ikkje alvorleg skada, men vi vil kome tilbake med informasjon når vi veit meir, seier Faleide ved operasjonssentralen.

Det kan verke som at brot på vikeplikta var grunnen til ulukka. Ein bil kom på riksveg fem frå Florø mot Førde, medan den andre kom ned frå Naustdal sentrum, melder politiet.

Laster Twitter-innhold

Klokka 18.38 melder Helse Førde om at dei to sjåførane er på veg til sjukehus med ambulanse. Det er usikkert kva skade dei har, eller kor alvorleg det er.

Laster Twitter-innhold

Saka blir oppdatert.