Hopp til innhold

Bil av vegen på E39

Ein bil har køyrt av vegen på E39, like nord for Sande i Gaular kommune.

Sande

– Det skal ikkje vere noko alvorleg skade. Personen som sat i bilen er sendt til legesjekk, opplyser Odd Arve Solvåg ved politiet sin operasjonssentral.

Politiet fekk melding om hendinga like før klokka 18. Dei er på staden og gjer undersøkingar, men har ikkje fått snakka med føraren enda, seier Solvåg.

Bilen skal ha køyrt av vegen ikkje langt frå sjølve Sande sentrum.