Hopp til innhold

Bikkjekald aprilnatt i høgfjellet

Vinteren har på ingen måte gjeve opp på høgfjellet.

Kald dag i Lærdal

KALDE DAGAR: I fjellområda i og omkring Lærdal har det vore kaldt dei siste dagane og nettene. Arkivbilete frå januar i år.

Foto: Jan Christian Jerving

Natt til i dag blei det målt heile 15,6 minusgrader på Kyrkjestølen på Filefjell, og også dei næraste dagane kan ein vente seg tosifra minustal på gradestokken.

På dei andre målestasjonane i høgfjellet i Sør-Norge har det også vore kaldt i natt. På Sognefjellet kraup temperaturen ved Sognefjellshytta ned mot 13,7 minusgrader, medan det var – 15,2 på Juvass.

Andre høgfjellstemperaturar målt klokka fem onsdag morgon:

  • Høvringen (Dovrefjell): - 11,0
  • Hollekolten (Hemsedal): - 7,3
  • Haukeliseter: – 4,8
  • Grotli: – 14,8
  • Skåbu: – 9,2

Vervarslinga melder om framleis kalde temperaturar i fjellet, men særleg på Vestlandet blir det ein kjølig, fin vårdag med lange periodar med sol. Østafjells og i fjellet i Sør-Norge blir det fint vêr, men fare for spreidde ettermiddagsbyer. Utrygt for lett snø eller hagl i byene.