Hopp til innhold

Big Air-stjerner boltra seg i Sogn

Utøvarar i verdstoppen boltra seg med luftige svev over Sognefjorden under Balestrand Open.

No - gjer deg klar for ei luftig og spektakulær oppleving.
I helga boltra utøvarar i verdenstoppen seg med luftige svev over Sognefjorden.
Me snakkar svev på opp mot 35 meter.

SJÅ VIDEO: Høge svev over Sognefjorden under Balestrand Open. Foto: Petter Bolstad/Joachim Høge.

Med svev på opp mot 35 meter har Big Air-hopparane fått ei vanvittig utsikt over Sognefjorden.

– Det såg nesten ut som dei skulle lande i fjorden. Det var flott å sjå på og utøvarane har levert utrulege prestasjonar, seier Eirik Hoel i arrangementskomiteen.

Triks og luftige svev

Balestrand Open starta i helga og laurdag blei det arrangert ein såkalla Big Air-konkurranse. Konkurransen inngår i AFP World Tour, der store konkurransar som også X-Games i Aspen inngår.

Utøvarane set utfor store hopp og viser fram forskjellige triks i lufta. Under konkurransen i Balestrand fekk dei ei spektakulær utsikt over Sognefjorden.

– Dei som hoppa laurdag er proffar som reiser over heile verda og konkurrerer. Dei har gitt utruleg gode tilbakemeldingar til oss og seier dei ikkje har opplevd tilsvarande andre stader, seier han.

Balestrand Open blir arrangert for andre gong og er langt større i år enn i fjor.

– Vi har fått veldig mykje skryt etter denne helga, både frå utøvarane og publikum, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Balestrand Open

LUFTIG: Desse to sveva høgt oppe og fekk ei fantastisk utsikt.

Foto: Petter Bolstad/Joachim Høge

50 000 i premiepotten

Heile 50 000 kroner låg i premiepotten og dei tre beste i Big Air-konkurransen var:

  1. Lars Bjørum – 25 000 kroner
  2. Aleksander Aurdal – 15 000 kroner
  3. PC Fosse – 10 000 kroner

Det var internasjonale dommar som kåra dei beste, basert på stil og vanskegrad på hoppa.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mathias Hertzenberg

YNGST: Mathias Hertzenberg på 13 år var den yngste i konkurransen.

Foto: Petter Bolsta/Joachim Høge.

– Unikt villmarkspreg

Bakgrunnen for at Balestrand Open kom i stand er TV-programmet« Oppdrag Sognefjord» der ekstremsportutøvarar boltra seg i fjella rundt.

Då dei skulle vise fram triks og luftige svev, valde dei skianlegget i Saurdalen for å byggje kulissene for hoppinga.

Hoel er glad for den unike moglegheita til å vise fram den fantastiske naturen og skimoglegheitene dei har i Balestrand. Området ligg på 600 meter over havet, ved grensa for skog. Det betyr at arrangementet går mellom unik gammal furuskog.

– Heile anlegget er bygd inn i naturen og det er eit unikt villmarkspreg over det heile, seier Hoel.

Akrobatikk-kurs og toppturar

Balestrand Open held fram til helga med fleire arrangement. Det blir mellom anna toppturar med frikøyring og akrobatikk-kurs. Det blir også Big Air-konkurranse for amatørar.

– Vi har ein flott skipark her der folk kan drive med jibbing og Big Air. Her kan alle vere med, både dei erfarne og uerfarne. Det er hopp av forskjellige storleikar og alle kan prøve seg. Det er også gode moglegheiter for å gå på ski i dei flotte turløypene i området.

Sidan både deltakarar og publikum har gitt uttrykk for at dei likte seg, reknar Eirik Hoel at dei held fram med skifesten neste år.

– Etter så mange gode tilbakemeldinga, så satsar vi vidare. Vi håper å kunne vidareutvikle konseptet til neste år, seier Hoel.

Utøvarar i verdstoppen kjem snart til Balestrand for å boltre seg i det mange meiner er unik vestlandsnatur. Initiativtakarane håpar arrangementet skal setje bygda på kartet som vinterdestinasjon.

BYGDE HOPP FOR VERDAS BESTE: BYGGJER HOPP FOR VERDAS BESTE: PC Fosse og Petter Bolstad var på plass i Saurdalen i Balestrand for å byggje hoppet der nokre av verdas beste skulle boltre seg. FOTO: Arctic Circus, Petter Bolstad, Joachim Høge