Hopp til innhold

Betydeleg fare for snøskred

Faren for snøskred er på nest høgaste nivå for Indre Fjordane i dag og fredag, melder skredvarslingstenesta varsom.no. Skred kan bli utløyste både naturleg og av skiløparar. Snøskredfaren har vore betydeleg i fleire dagar.