Hopp til innhold

Større kommunar er eit viktig tiltak for jordvern her i landet, meiner minister

Større kommunar er eit viktig grep for å verne om matjorda. Det meiner landbruksminister Sylvi Listhaug.

Vil ha større kommunar for å sikre matjorda

TRUR STORE KOMMUNAR VIL BETRE TILHØVE: Matjorda kan sikrast betre ved å slå saman kommunar og få større einingar, trur landbruksministeren.

Foto: NRK

– Også av omsyn til jordvernet treng Norge større og meir robuste kommunar. Ein kommunereform er eit av dei viktigaste grepa for å få til betre arealplanlegging, sa landbruksministeren frå Stortingets talarstol denne veka.

Stortinget debatterte jordvern etter at regjeringa har gitt grønt lys for utbygging på dyrka mark nær Trondheim og i Akershus. Politisk er det sett på som eit noko kontroversielt klarsignal.

Og Knut Storberget frå Arbeidarpartiet sa frå talarstolen at han ikkje kunne sjå at større kommunar ville vere måten å verne om dyrka mark.

– Eg er tvilande til om større kommunar vil vere svaret for å ta vare på matjorda i Noreg.

Usemje om beste måten å verne om matjorda på

Jordverndebatten er høgst aktuell også her i Sogn og Fjordane. Den var viktig eit argument ved val av den omstridde vegtraseen i Lærdalsdalen, og i Stortingsdebatten trekte enkelte fram saka som eit døme.

Debatten viste at det er brei politisk semje om å ta vare på mest mogeleg av matjorda.

Listhaug argumenterte sterkt for at store kommunar er vegen å gå.

– Mange små kommunar konkurrerer for å få dei same innbyggarane og bedriftene til å etablere seg. Dei driv arealplanlegging på eit samla sett lite område, som kanskje ikkje er det mest gunstige.

– I store kommunar kan ein vurdere store areal under eitt, og få fleire område tilgjengeleg med sikte på utbygging, sa Listhaug.

Ho vil no arbeide opp mot KS for å sørgje for at kommuneplanlegginga tek endå betre omsyn til korleis dyrka mark kan takast vare på.

– I store kommunar vil det vere mogleg å bygge opp store og gode fagmiljø, og det er ein nøkkelfaktor i arbeidet med å ta vare på dyrka mark.