Hopp til innhold

Betalte dyrt for eitt gram hasj

Ein mann i 20-åra er dømd til 5 000 kroner i bot etter at han i fjor kjøpte eit gram hasj i Nygårdsparken i Bergen.

Mannen la korta på bordet og saka gjekk nyleg som tilståingsdom i Fjordane tingret.

Påtalemakta la ned påstand om 6 000 kroner i bot, eventuelt 12 dagar fengsel. Men tingretten la til grunn at mannen, som er frå Ytre Sogn, mannen sin økonomiske situasjon og reduserte bota med ein tusenlapp.