Hopp til innhold

Betalingsterminalen hjå legen er ulovleg

Helsedirektoratet, legeforeininga og KS er samde: Betalingsterminalane hjå mange fastlegar i landet er ulovlege.

Melin Medical sin betalingsautomat
Foto: Birger Meland/MMS-foto / NRK

Suksessverksemda Melin Medical AS som vart starta på Sandane i 2010 er den dominerande leverandøren av betalingsautomatane.

Ifølgje Dagens Medisin leverer verksemda betalingsautomatar til om lag 750 legekontor og klinikkar rundt om i landet.

Legekontora som nyttar automaten har valet mellom å betale ei månadleg leige for betalingsterminalen, eller å ta eit gebyr på fem kroner kvar gong ein pasient betalar med kort. Det er dette gebyret Helsedirektoratet, legeforeininga og KS no meiner er ulovleg.

– Vi tykkjer det er underleg

Kontora som nyttar denne automaten vil no få brev av Helsedirektoratet der dei slår fast at dei ikkje kan ta gebyr for betaling med kort.

– Vi tykkjer det er underleg at pasientane kan betale 49 kroner for papirgebyr og at det då ikkje er greitt å belaste fem kroner for kort, som er ei meir pasientvenleg løysing, seier dagleg leiar i Melin Medical, Ingvill Hestenes, til NRK.no.

Selskapet meiner nemleg at gebyret er lovleg gjennom finansavtaleloven. Men til BT måndag seier Helsedirektoratet at dei ikkje kan skilje mellom betalings- og helsetenester i dette tilfellet.

– Etter vårt syn, nei. Det er folketrygdelova og helse- og omsorgstenestelova som skal gjelde, seier avdelingsdirektør i Helsedirektoratet, Steinar Mathisen til avisa.

– Vi vurderer at lovverket ikkje er harmonisert. Og vi har også ulike tolkingar av lovverket, seier dagleg leiar Hestenes til NRK.

Ho seier dei vil rette seg etter det som vert den endelege avgjerda, og avviser at det kan vere aktuelt med eit rettsleg oppgjer. Men ho håpar at dei skal klare å overtyde direktorat og departement om ei anna lovtolking eller omgjering av lovverket.

– No er Melin Medical i dialog med Helsedirektoratet og med legeforeininga. Vi skal i møte etter sumaren, seier Hestenes.

– Det finst andre løysingar

Melin Medical AS hadde i 2013 vakse til 22 tilsette i Oslo og på Sandane. Berre i 2013 vart staben på Sandane auka med seks. Same året vart Melin Medical kåra til årets gründer i Sogn og Fjordane.

Ifølgje proff.no har den sterkt veksande verksemda no 29 tilsette. Og selskapet har store planar om vidare vekst. Hestenes er ikkje redd for at dette vert sett ein stoppar for, sjølv om helsedirektoratet både i oktober i fjor og no igjen i juni, har kalla gebyret for ulovleg.

– Vi leverer på tvers av bransjar. Og vi kan framleis levere automatane. Per i dag nyttar rundt halvparten av kundane våre løysinga med femkroningen. Den andre løysinga er at legekontora betalar ei fast leige kvar månad for automatane, seier Hestenes.

– Er ikkje det eigentleg ei betre løysing, slik at pasientane slepp å betale?

– Dette er det legekontora og andre kundar av oss som bestemmer. Dei har fleire val.

Ho seier at dei ikkje har opplevd kundeflukt som følgje av at gebyrløysinga vert sett på som ulovleg.

– Tvert i mot, vi har opplevd ei kundetilstrøyming det siste året.

Dersom legekontor skulle velje å fjerne automaten fordi dei ikkje vil betale ei fastleige, betyr det at pasientar må betale kontant, eller med faktura med eit gebyr på 49 kroner.