Hopp til innhold

Betalar halve influensarekninga

Departementet vil dekke halvparten av utgiftene etter svineinfluensaen på 4H-leiren i sommar.

Hjelpemannskap på 4H-leir på Breim der ein deltakar er smitta av svineinfluensa.

Hjelpemannskap på 4H-leir på Breim. Rekninga etter influensautbrotet deler no Gloppen kommune og Kommunal og regionaldepartementet.

Foto: Alf Vidar Snæland

Gloppen kommune fekk store utgifter då svineinfluensaen braut ut på 4H-leiren i

Svineinfluensa på 4H-leir på Breim
Foto: Vegard Erstad / NRK
4H-leir på Breim
Foto: Erling Johnsen
Svineinfluensa i 4H-leir på Breim
Foto: Heidi Lise Bakke

sommar.

Den nordiske leiren vart avlyst, og deltakarane sendt heim då mistanken om influensaviruset kom.

Kommunen søkte i ettertid om 359 000 kroner i ekstraordinære skjønsmidlar for å dekke utgiftene sine etter leiren. Men Kommunal og regionaldepartementet vil berre dekke halvparten av utgiftene.