NRK Meny
Normal

Valde å sjå dei gode tinga

Sigrid Henjum gjorde det mange ikkje greier. Midt i sorga etter tapet av kjærasten tok ho eit viktig val: Ho skulle bli glad igjen.

Video Sognejente padlar i Antarktis

I onsdagsportrettet denne veka kunne du verte kjend med Sigrid Henjum. 27-åringen mista kjærasten i ei klatreulukke i sommar, men let ikkje sorga stoppe henne i å fortsette å leve ut draumane sine. Kort tid etter ulukka tok ho eit viktig valg: Ho skulle bli glad att.

Høyr utdrag av onsdagsportrettet her:

- Eg og Arne høyrde mykje på sangen Mexican Whistler med Roger Whitaker. Medan eg sat heime og skreiv på talen til minnestunda, sat bror min på den sangen, og eg greidde ikkje la vere å danse. Eg dansa og grein om kvarandre, men der og då trur eg at eg bestemte meg for å bli glad igjen, seier ho og legg til:

- Dette er ikkje noko ein kan verte fort ferdig med, men ein kan faktisk bestemme seg for å vere mest glad.

Dermed greidde Sigrid det mange slit med etter å ha opplevd stor sorg: Å fokusere på dei gode tinga, og gå vidare.

- Eg er heldig

- Eg veit eg er heldig. Familie og vennar har vore der for meg heile tida, eg er ikkje åleine. Eg brukar alle som psykolog, og får alt ut. Det har vore viktig.

Berre fire veker etter ulukka reiste Sigrid til Grønland som leiar for ein kajaktur, og dei siste månadane har gått med til å førebu ein stor ekspedisjon rundt Sør-Georgia i Antarktis.

Saman med tre andre er ho no på veg sørover for å prøve på det ingen nordmenn har greidd før henne. Gruppa skal etter planen bruke tre veker på å padle rundt øya som er utsett for mykje vind og sterke naturkrefter.

Livets minnebok

Der får ho truleg mykje å skrive om i minneboka, og i følge Sigrid er nettopp det ein viiktig ting i livet:

- Arne lærte meg mykje om dette, for han var ikkje ein dag god fordi han hadde vore flink, flink til å rydde, eller til noko anna. Det viktigaste var kva han hadde å skrive om i minneboka av gode opplevelsar. Det har eg tatt med meg.