Hopp til innhold

Beste fisket på 12 år

Brislingfisket på Sognefjorden er det beste på 12 år. Vel 900 tonn brisling til hermetikkproduksjon er over dobbelt så mykje som i heile fjor. Båten Vårbud har åleine drege opp 300 tonn brisling, til ein verdi av 1,8 millionar kroner frå djupna, skriv Sogn Avis. Konsumkonsulent Roald Oen i Norges Sildesalslag seier næringa, som har mista mange aktørar siste 20-åra, treng dette oppsvinget.