Alternativet til rasvoll var å rive dei mest rasutsette bustadhusa i bustadfeltet Røslebakkane i Gaupne.
Det har lenge vore sterk usemje om kva tiltak som var det beste. Men i dag skar fleirtalet i kommunestyret gjennom og vedtok at det skal byggjast ein åtte meter høg rasvoll, med eit tre meter gjerde oppå. Det betyr at kommunen berre treng rive tre hus - for å gje plass til sjølve rasvollen. To av husa er kommunale og står i dag tomme.
Folk frå Røslebakkane fylgde debatten i Luster kommunestyre. MMS-foto: Arne Eithun, NRK
Telefonar døgnet rundt
Svært mange av innbyggjarane i bustadfeltet var møtte fram på dagens kommunestyremøte. Fleire av politikarane sa frå talarstolen at dei også har fått telefonar døgnet. Berre Framstegspartiet og Kjellfred Weum frå Senterpartiet røysta mot vedtaket.
Splid i nabolaget
Innbyggjarane i Røslebakkane er nemleg delte i synet på kva som er beste løysinga. Fleire meiner ein rasvoll ikkje vil sikre området godt nok. Andre på si side meiner at riving av heile åtte hus ville fått økonomiske konsekvensar for dei som bur like utanfor rassona. Desse huseigarane meiner verdien på deira eigedommar ville blitt forringa med ei slik løysing.
Erstatningskrav
Men sjølv om politikarane valde rasvoll, ser det ut til at dei likevel ikkje slepp unna erstatningskrav. Etter møtet varsla nemleg fleire av dei som no ikkje får flytte at dei vil kome med erstatningskrav mot kommunen. Årsaka er at rasvollen kjem svært tett opptil fleire av husa. Innbyggjarane meiner dette vil redusere verdien på husa deira.
- Vi snakkar om ein verdireduksjon på 30-70 prosent, hevdar Odd Atle Stegegjerde.
I kommunestyrevedtaket vart det teke høgde for at det kan kome økonomiske krav frå Røslebakkane.