Bergensrute i fare
Ein ny rapport som Samferdsledepartementet har bestilt, tilrår å legge ned flyruta frå Bringeland til Flesland. Dei ni kommunane i Interesseutvalet for Førde lufthamn er sjølvsagt ikkje samde, skriv Firda. I si uttale skriv dei at det er viktig å behalde alle dei fire flyplassane i fylket, fordi alle er viktige for sin region og betyr særleg mykje for næringslivet.