Hopp til innhold

Berga spedbarn frå glovarm bil

Fleire personar slo alarm då dei oppdaga eit lite skrikande barn inne i ein varm bil på parkeringsplassen til Førde Sentralsjukehus måndag.

Førde Sentralsjukehus

VED SJUKEHUSET: Bilen med spedbarnet stod parkert framfor Førde Sentralsjukehus.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Renate Aralden Håvåg frå Stongfjorden hadde vore inne på sjukehuset, og skulle til å køyre heimatt saman med mannen sin.

– Vi hadde og ein unge med, og vi lufta godt ut av bilen vår før vi skulle til å køyre, for det var veldig varmt. Då såg mannen min ein kar som stod bak bilen, og han gjekk bort til han og spurde om han trengde hjelp. Då fortalde han at det låg ein unge og skreik inne i ein bil, og at han hadde ringt politiet.

– Kjendest som eit innbrot

Då ho gjekk for å sjå etter, såg ho ein unge på åtte-ti månader i eit tjukt teppe. Det var ei lita opning på vindauget, og medan to menn trykte vindauget så godt ned som dei kunne, greidde Renate å lirke armen inn og fekk opna døra innanfrå.

– Vi kvidde oss for å gjere dette, for det kjendest som eit innbrot, men det tok lang tid å vente på politiet, og ungen sitt beste måtte kome først.

– Kva tenkte du då du såg dette?

– Eg tenkte at noko slikt ville eg aldri ha gjort, for vi har hatt ein hund som vi har vore veldig opptekne av at vi ikkje skal sette igjen i ein varm bil, og det må vel vere endå verre å sette igjen ein liten unge. Slikt gjer ein berre ikkje.

– Som å kome inn i ei badstove

Renate fortel at ungen skreik, og han var slapp og redd.

– Dette er rett og slett barnemishandling, det var som å kome inn i ei badstove, varmen slo imot oss.

Renate prøvde å kjøle ned ungen med våtserviettar. Ho er sjokkert over at nokon kune sette igjen ein unge på denne måten.

– Eg forstår ikkje kva dei har tenkt med. Eg synest ikkje ungar skal sitte igjen åleine i ein bil, og iallfall ikkje i solsteiken.

Mora er svært lei seg

NRK har snakka med mora til spedbarnet. Ho fortel at ho skulle ein snartur innom sjukehuset, og ho parkerte bilen i skuggen av ein hekk med ei lita glipe på alle fire vindauga.

Ærendet som ho trudde skulle vere fort unnagort tok ein halvtime, og ho er svært lei seg for det som skjedde. Ho forsikrar at ho ikkje skal sette igjen ein unge i bilen på denne måten fleire gonger.

– Slikt skal ikkje skje

Politiet fekk kontakt med mora etter om lag 35 minutt. Barnevernet er varsla om episoden. Lensmann i Førde, Jan Egil Tvinde, seier dei ikkje vil opprette noko politisak på hendinga.

Han åtvarar på det sterkaste å la små og hjelpelause born bli sitjande att i bilen, sjølv om ein berre skal raske ærend. Tvinde seier det ikkje er ofte dei får beskjed om liknande episodar.

– Slikt bør ein aldri gjere, og i alle fall ikkje dersom bilen står i sola. Då er det drivhuseffekt i bilen etter berre nokre få minuttar, seier han og avsluttar:

– I verste fall kan det gå liv tapt om det går for lenge.