Hopp til innhold

Berga seg ut av brennande hus

Naudetatane rykte torsdag føremiddag ut til eit bustadhus som stod i brann i sentrum av Måløy. Ei kvinne som var i huset då det byrja brenne kom seg uskadd ut.

Naudetatane rykte torsdag føremiddag ut til eit bustadhus som stod i brann i sentrum av Måløy. Ei kvinne som var i huset då det byrja brenne kom seg uskadd ut.

BRANN: Ei kvinne skal ha kome seg ut av huset som byrja brenne i sentrum av Måløy torsdag føremiddag.

Ein time etter at brannen var meld opplyser Alarmsentralen at brannen er sløkt.

– Brannen er no sløkt. Den har starta i tredje etasje på det som truleg er eit soverom, seier vaktleiar Jan Gunnar Holvik ved Alarmsentralen i Florø klokka 12.25.

Han seier brannvesenet på staden no driv på med ettersløkking, og at dei er i gang med å rive ein del takstein for å få fullgod oversikt.

– Er skadane avgrensa til tredje etasje i huset?

– Det er truleg både vasskadar og andre skader i også andre delar av huset, seier Holvik, men understrekar at dei ikkje har full oversikt over skadane enno.

Var lenge uavklart

Meldinga om brannen kom klokka 11.25, og det var eit bustadhus i gate 2 i sentrum av Måløy som stod i brann.

– Situasjonen er førebels heilt uavklart, men det er ein einebustad som står i brann i Måløy sentrum, sa vaktleiar ved Alarmsentralen i Florø, Jan Gunnar Holvik til NRK.no klokka 11.40, og fortalde at det brann godt på staden.

Klokka 12.10 melde Alarmsentralen at dei framleis ikkje hadde fått melding frå brannvesenet på staden om at dei hadde kontroll.

Tidleg visste ein ikkje kor vidt det var fare for at brannen kunne spreie seg, men dette hadde ein då fått kontroll på ifølgje vaktleiaren.

– Det skal ikkje vere fare for at brannen skal spreie seg no, opplyste Holvik til NRK.no klokka 12.10.

Ifølgje politiet er einebustaden delvis eit murhus. Det same skal gjelde for nabohuset.

Kvinne berga seg uskadd ut

– Via dei som er på staden har vi fått vite at det var ei dame i huset, men ho har kome seg ut, seier Holvik ved Alarmsentralen.

Ifølgje politiet skal kvinna ha vore åleine i huset då det byrja brenne, ho skal vere i god behald.

Lensmann i Vågsøy, Tormod Hvattum, seier politiet har snakka med kvinna.

– Ho har forklart at ho var i underetasjen då ho merka at det byrja brenne. Ho er sjekka av lege og er uskadd, seier lensmannen til NRK.no.

Håpar å undersøke huset i morgon

Politi, brannvesen og ambulanse var alle raskt på staden. Hvattum seier politiet førebels ikkje kan seie noko om årsaka.

– Det er for tidleg å konkludere noko om årsak. Men vi veit omtrent kvar brannen starta og det vil vere utgangspunktet vårt for den vidare etterforskinga.

– Når vil de starte undersøkingar i huset?

– Vi skal få vurderingar frå ein brannteknikar i ettermiddag, og vi håpar vi kan sjå nærare på huset i morgon, seier Hvattum.

Bustadhus i brann i sentrum av Måløy

BERGA SEG UT: Ei kvinne som var i huset då det byrja brenne skal ha redda seg uskadd ut.

Foto: Bjarne Eldevik