Mangelen på personell innan helse og omsorg er så stor at kommunen har sendt ut brev til ungdommen med oppmoding om å melde seg til teneste, fortel fungerande rådmann Harald Haugejorden.
For lite kontakt mellom gamal og ung
"Kan du tenkje deg å ha ein helgejobb? Pleie- og omsorgssektoren i Gulen kommune slit tungt med å folk nok i pleia. Vi skriv difor brev til ungdommar mellom 17 og 20 år."
Slik lyder byrjinga av brevet som ungdommar i Gulen denne månaden har fått i posten. Målet er at ungdom kan stille opp for dei eldre og sjuke. Rådmannen meiner at det i samfunnet i dag kanskje er mindre kontakt mellom unge og gamle enn det var før.
Rekrutteringsproblem
Rekrutteringsproblem i helsevesenet er årsaka til denne utradisjonelle oppmodinga frå kommunen. Avisa Firda skriv at personellmangelen er prekær i Gulen. Med dette brevet håpar kommunen at ungdommen kan vere med å løyse problemet. Først og fremst håpar kommunen at ein med dette tilbodet vil kunne avløyse dei fast tilsette innan pleie og omsorg som i dag må arbeide mykje overtid.
Men i tillegg er dette ein sjanse til å vere eit medmenneske, seier Haugejorden. Og alt no har fleire vist interesse. Kommunen har fått ein fem-seks svar, men vil gjerne ha fleire.