Hopp til innhold

Mann funnen nedanfor skrent – er kritisk skadd

Ein mann i slutten av 30-åra er sendt til sjukehus med luftambulanse etter det som truleg er ei fallulukke. Haukeland sjukehus melder no at mannen er kritisk skadd.

Stryn

BER OM TIPS: Politiet ber om tips etter at ein mann vart funnen nedanfor ein skrent ved Tonninghaugen i Stryn laurdag morgon.

Foto: Roger Vik

Det var tilfeldig forbipasserande som i 08-tida fann mannen nedanfor ein kring to meter høg skrent ved Tonningshaugen i Stryn. Kl. 13 melde Haukeland sjukehus i Bergen at mannen er kritisk skadd.

Politiet trur det kan dreie seg om ei fallulukke.

– Ut frå staden og skadane, så kan det tyde på at han har falle utfor skrenten. Men vi er framleis på staden og gjer vidare undersøkingar. Vi har ikkje konkludert, sa operasjonsleiar Per Algrøy tidlegare i dag.

Politiet i Stryn har i løpet av dagen prøvd å kartleggje kva som har skjedd. Politiet har også bede om tips i saka.

– Han er funnen skadd nedanfor ein skrent, men vi har framleis ingen opplysningar som seier noko om hendingsgangen, seier operasjonsleiar Dag Olav Sætre laurdag ettermiddag.

– Politiet har snakka med folk som har vore i nærleiken, og som han har hatt kontakt med tidlegare på kvelden, fortel Sætre.

Arbeidet med å kartleggje hendinga vil halde fram.

Det var AMK som fekk meldinga om den skadde mannen. Dei varsla igjen politiet. Både politi, ambulanse og luftambulanse rykte ut til staden.

Politiet har oppretta ei undersøkingssak og jobbar no med å vinne ut kvar mannen har vore. Det var ikkje vitne til hendinga.

– Det er vanskeleg å seie kor lenge mannen har lege der, seier Algrøy.

Tonningshaugen i Stryn