Hopp til innhold

Ber om fire veker varetekt for irakar

Fjordane tingrett tek i føremiddag stilling til om mannen som måndag knivstakk ein syrar i 20-åra i Høyanger skal varetektsfengslast eller ikkje.

Åstaden i Høyanger

ÅSTAD: Knivstikkinga måndag fann stad i Sandvika utanfor Høyanger.

Foto: Arve Ullebø

– Slik saka står no har me valt å sikte mannen for grov kroppsskade med kniv. Han er ikkje sikta for drapsforsøk, men siktinga kan bli utvida, opplyser politiadvokat Erling Melvær til NRK.

Asylsøkaren i 30-åra frå Irak har vedgått at det har vore ein knivepisode, men hevdar i avhøyr at det ikkje var meininga å skade syraren. Mannen har også forklart seg om det han meiner er bakgrunnen for konflikten med fornærma, men Melvær vil ikkje seie noko no om kva mannen har fortalt.

– Men han har ikkje forklart seg slik at det frå hans måte kan leggjast til grunn noko drapshensikt, seier Melvær.

Ber om varetekt

– Kva vil politiet be om i dag?

– Vi vil be om varetektsfengsling i fire veker med grunnlag i bevis og unndragingsfare, samt gjentakingsfare. Bakgrunnen er opplysningar om sikta sin person. I tillegg har politiet fått opplysningar om at mannen skal ha trekt kniv tidlegare, seier Melvær.

Politiet har ingen opplysningar om at mannen er tidlegare straffa i Norge eller i utlandet.

Mannen skal ha påført syraren minst fire stikkskadar.

– Det er ikkje tvil om at stikkskade med kniv kan føre til dødsskade, seier Melvær.

Ber om lauslatelse

Erik Slotterøy er forsvarar for mannen. Han seier at klienten krev å bli sett fri.

– Han er avventande til skuldspørsmålet. Utover det ynskjer eg ikkje å kommentere forholdet, utover at mannen er usamd i at valden skjedde uprovosert, seier Slotterøy.

Asylsøkaren i 30-åra har sete fleire timar i avhøyr og skal ha vore samarbeidsvillig overfor politiet.