Hopp til innhold

Meiner dei ikkje har nok erfaring til å hanskast med vald

Brannvesenet må rekne med å vere først på potensielt farlege åstadar. Det likar mannskap i brann- og redningstenesta i Høyanger svært dårleg.

Aksel Svarstad

VIL HA RASKARE POLITIHJELP: Aksel Svarstad i Brann og redningstenesta.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

– Våre folk er trent til situasjonar der det er snakk om ulykker. No skal vi og aksjonere der det er vald imellom menneske. Det er noko vi er pålagt, ikkje noko vi ønsker sjølv, seier Aksel Svarstad i brann- og redningstenesta i Høyanger.

I går måtte brannmannskapet gripe inn i ei knivstikking i kommunen, før politiet kom til staden.

Sjå saka:

Brannvesenet i Høyanger er ikkje fornøgde med å måtte vere dei første på farlege åstadar.

LIKAR DÅRLEG: brannvesenet i Høyanger likar dårleg at dei var dei første til knivdramaet i går.

– Har ikkje nok erfaring

Svarstad fortel at dei ikkje har nok erfaring til å hanskast med situasjonar som gårsdagens knivstikking.

– Det er langt mellom kvar hending, og vi vil ikkje få nok erfaring til å handtere slike situasjonar.

Han seier at det er mykje uavklart i slike situasjonar, og at dei ofte må rekne med å vente lenge på politihjelp.

– I verste fall kan politiet vere meir enn ein time unna. Vi tykkjer ikkje det er greitt.

Knivstikking i Høyanger

ÅSTADEN: Det var her i Sandvika utanfor Høyanger at knivstikkinga fann stad.

Foto: Arve Ullebø

Får støtte frå politiet

Heller ikkje lensmann i Høyanger, Kåre-Jan Hofrenning, tykkjer situasjonen er optimal.

– Det er ikkje kjekt å komme til ein stad der brannvesenet skal halde ein gjerningsmann som nett har stukke ein uskyldig med kniv i sjakk, seier Hofrenning.

Han fryktar for kva som kan skje dersom brannvesenet aksjonerer mot potensielt farlege personar.

– Det gjekk bra denne gongen, men kva ville skjedd dersom denne personen var rabiat og vanskeleg?

Vil ha ei bakvakt

Svarstad seier at dei ville følt seg tryggare dersom politiet kom til staden saman med dei.

– Eg meiner at politiet må ha ein bakvakt i distrikta som kan stille opp under slike situasjonar, noko Hofrenning støttar.

– Det er betre om vi har moglegheita til å ha ein lokal beredskap. Med bakvakt meiner vi ei tilkallingsvakt, som eit absolutt minimum. Det er eit billig og svært godt alternativ til ei heildekkande teneste.

Patruljen brukte 50 minutt

Visepolitimeister i Sogn og Fjordane politidistrikt, Ronny Iden, kjenner godt problemstillinga.

– Vi har krav på oss til ei responstid, og i all hovudsak oppfyller vi dei krava som er sette til oss. Men nokon gonger tek det lengre tid. Det trur eg vi må leve med ei god stund framover, seier Iden.

I tilfellet i Høyanger var politipatruljen framme etter 50 minutt, medan lensmannen var på staden etter 25 minutt.

– I 80 prosent av denne type utrykkingar skal vi vere der i løpet av 25 minutt. Vi er ikkje nøgde når vi ikkje når fram i løpet av den tida vi skal, men vi er ikkje fleire politifolk i Sogn og Fjordane enn at det i nokre tilfelle vil ta meir enn 25 minutt, seier Iden.