Hopp til innhold

Ber kommunane godta utvisinga

Arbeids- og inkluderingsminister, Bjarne Håkon Hansen, ber kommunane Aurland og Luster godta utvisinga av Belik-søstrene.

Olga og Tanja Belik.
Foto: NRK

I eit svarbrev til kommunane skriv statsråden at det ikkje er aktuelt for han å gripe inn i saka.

Humanitært grunnlag

Det var tidlegare i vinter at ordførarane i i Aurland og Luster ba arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hansen om å ta ansvar for søstrene Belik frå Moldova. Dei to er busette i Aurland, men går på skule på Hafslo. Søstrene har fått avslag på søknaden om opphald i Norge, og dei har også tapt klagesaka både i tingretten og i lagmannsretten.

Difor hadde dei to ordførarane eit reelt håp om at statsråden kunne gripe inn og gje søstrene amnesti på humanitært grunnlag. Men det kan han altså ikkje. I brevet til ordførarane skriv Hansen følgjande: 

"Jeg har tillit til at både UDI og utlendingsnemnda har inngående kunnskaper om sikkerhetssituasjonen i de ulike land det kommer asylsøkere fra".  

- Godta utvisinga

I slutten av brevet takkar statsråden for engasjementet, men nyttar samtidig høve til å påpeike følgjande:  

"Jeg vil minne om viktigheten av å støtte opp under lovlig fattede vedtak. Jeg ber derfor om at kommunens bistand og støtte til personer som har fått avslag på sine asylsøknader, og er pålagt å reise hjem, har dette for øyet.  

Med andre ord: Hansen ber kommunane om å godta utvisinga av Belik-søstrene.

Ordførar i Aurland Olav Ellingsen er svært skuffa og hadde venta meir av inkluderingsministeren. 

- Eg føler meg litt oppgitt når lokalsamfunnet ikkje vert høyrt. Det er ungdommar som lever i ein utrygg situasjon vi snakkar om, og då skulle vi tru at det gjekk an å sjå på enkeltsaker. 

Fryktar menneskehandel

Ellingsen meiner det er ein reell fare for at dei to søstrene blir utsette for menneskehandel dersom dei blir sende tilbake til det fattigaste landet i Europa, Moldova. Det same fryktar stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet Ingrid Heggø. Ho trur Høgsterett vil avvise anken.

- Det er veldig sjeldan dei tek opp saker som er blitt avslegne i rettssystemet to gonger, utan at det er kome til noko nytt. Håpet er å få UDI til å ta opp saka på nytt, seier Heggø.