Hopp til innhold

Naturvernforbundet ber gruveselskap «roe seg ned»

Naturvernforbundet reagerer kraftig på uttalen frå Nordic Mining om at Førdefjorden ikkje vil ta permanent skade av eit fjorddeponi.

Lars Haltbrekken

KRITISK: Leiar i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken, reagerer på uttalane frå Nordic Mining.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Leiar i Naturvernforbundet Lars Haltbrekken er sterkt usamd i Nordic Mining-direktør Ivar Fossum om at eit fjorddeponi vil vere ei svært trygg løysing i samband med gruvedrifta i Naustdal.

– Havforskingsinstituttet kom seinast i førre veke med rapportar som viser at dei modellberekningane for spreiing for partiklar er alt for dårlege og at eit sjødeponi i Førdefjorden vil ha store negative følgjer for livet i fjorden, seier han.

Ventar på analysar

Ivar Fossum

DIREKTØR: Ivar Fossum er direktør i Nordic Mining.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Haltbrekken er forundra over uttalen og føler gruveselskapet nok ein gong prøver å heve seg over dei beste fagfolka på området. Dei siste åra har rapportar både tala for og mot fjorddeponi i samband med gruvedrift i Engebøfjellet i Naustdal.

Tysdag meinte Ivar Fossum at nye rapportar viser at fjorddeponi ikkje vil føre til permanent skade av fjorden.

– Dersom vi tolkar rapportane for dei tre første treåmånadarsperiodane, så har det gjort oss trygge på det vi har undersøkt tidlegare. No ventar vi på dei siste analysane, sa han til NRK.no.

Vil bli påverka

Havforskingsinstituttet meiner derimot at erfaringar frå tilsvarande deponi, som utanfor Kirkenes, viser at slammet vil øydeleggje miljøet og spreie seg utanfor dumpingområdet.

I samband med ei eventuell gruvedrift i Naustdal vil Nordic Mining måtte kvitte seg med 250 millionar tonn gruveslam.

Jan Helge Fosså

FORSKAR: Jan Helge Fosså hos Havforskingsinstituttet.

Foto: Rune Fossum (mms) / NRK

– Når ein lagar deponi så store, då forsvinn vesentlege delar av økosystemet på botnen. Det blir dekka over, dyra forsvinn og funksjonen som botnen har blir lagt aude, seier seniorforskar Jan Helge Fosså.

– Bør roe seg ned

Haltbrekken er på si side forundra over at gruveverksemda presenterer sine funn, allereie før dei siste analysane er klare.

– Nordic Mining går no ut før desse undersøkingane er ferdige, og går på tvers av dei konklusjonar som Havforskingsinstituttet kjem med etter at dei har gjort sine undersøkingar tidleg i sommar, seier han.

– Eg trur at Nordic Mining no bør roe seg litt ned og forstå at det finnast fagfolk i dette landet som har langt betre greie på livet i fjordane enn det dei har, avsluttar Haltbrekken.