Hopp til innhold

Ber folk droppe bråtebrenning

Brannvesenet måtte i føremiddag rykke ut til ein bråtebrann som kom ut av kontroll i Selje. – Der det er tørt, er det no frykteleg tørt. Farepotensialet er deretter, seier vaktleiar Dan Inge Gjesdal ved Alarmsentralen. Dei ser helst ser at folk ventar med bråtebrenning til det har kome regn. – Det er mykje tørt, daudt gras på bakken og det skal lite til før bråtebrannar spreier seg over større område, seier Gjesdal.