Hopp til innhold

Ber bålbrennarane vere obs på vinden

Jonsok byr ikkje på så ille vêr i Sogn og Fjordane, men vinden blir sterk. Både Vêrvarslinga og Alarmsentralen ber folk tenke seg om når dei fyrer opp jonsokbål langs kysten.

Jonsokbål 2012 i Balestrand

MIDTSOMMAR: Jonsokbåla står klare til å bli tende tysdag kveld. Då kan det vere greitt å vite å ha tenkt gjennom kva ein gjer om vinden blir sterk, åtvarar brannvesenet. Biletet viser jonsokbål i Balestrand i 2012.

Foto: Robert Jan Leerink

– Det blir nordleg stiv kuling på kysten. Om ettermiddagen og kvelden kan den komme opp i sterk kuling. Så det blir ein del vind på kysten. Det er verdt å legge merke til i og med at det er Jonsok og bålbrenning, åtvarar statsmeteorolog Haldis Berge.

Kastevindar og sløkkjeutstyr

Statsmeteorolog Haldis Berge

SER MYKJE VIND: Satellittbileta hos Haldis Berge og Vêrvarslinga på Vestlandet viser at det kjem kraftig nordavind inn over Vestlandet jonsokaftan.

Foto: Marit Hommedal

Etter nokre varme og gode sommardagar kjem nordavinden med kaldare luft tysdag. Samstundes bur folk over heile fylket seg på å kveike fyr på årets jonsokbål. Langs kysten kan det by på utfordringar.

Ha vinden i tankane, før ein tenner på, er rådet frå Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

– Ta førehandsreglar. Ha ein plan for kva ein gjer om flammane skulle gå feil veg. Det er viktig at ein vurderer kastevindar og tek det roleg. Og ein bør ha sløkkemiddel tilgjengeleg, seier vaktleiar Frode Eide.

Periodar med sol

Med unntak av nordavinden, og lågare temperaturar, blir det likevel ein ok jonsok i vest, skal ein tru Vêrvarslinga for Vestlandet.

– Det blir ein ganske grei dag med periodar med sol, men det kan komme enkelte ettermiddagsbyer i indre strok. Vêrmessig, sett bort frå vinden, er det ikkje så ille, opplyser Berge.

Måløy stadion

KAN BLI VINDFULLT: Jonsokbål, som her ved Måløy stadion, kan bli utfordra av sterk vind tysdag kveld. Arkivfoto

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Grått utover i veka

Utover veka kan ein vente seg mykje av det same vêret. Først mot helga ser det ut til at sommaren kanskje vender tilbake.

– Onsdag er det nok meir skya enn på tysdag, men vinden minskar utover dagen. Då blir det også enkelte byer. Torsdag og fredag ser ut til å bli meir tilskya med vestleg vind og byevêr. Men det ser ut til at det kanskje lettar igjen laurdag. Men det er langt fram, seier statsmeteorologen.