Av:
Svein Ove Hansli
Torsdag føremiddag var det to tjuveri av drivstoff på Gudvangen i Aurland. Fyrst fekk politiet melding om at det hadde vorte stole diesel frå ein parkert lastebil.
Ifølge politiet forsvann tre personar i ein mørk Golf.
Litt seinare stakk ein person frå bensinrekninga på Shell-stasjonen på Gudvangen. Denne personen køyrde av stad i ein kvit Opel Omega stasjonsvogn.
Politiet kan ikkje seie om det er samanheng mellom dei to tjuveria.