- Jentene tek dommen veldig tungt. No vil vi vurdere ein anke. Dette var veldig skuffande, seier Sjur Vinje, advokat for dei to søstrene.
Olga og Tatjana Belik er i dag busette i Aurland. Dei gjekk til sak mot Utlendingsnemnda, og krevde utvisningsvedtaket kjent ugyldig. Årsaka var at mora ikkje var med på avhøyra av dei to jentene på 16 og 17 år. Retten meiner derimot at Utlendingsnemnda ikkje har gjort nokon feil. I dommen blir det også peika på at Moldova viser vilje til å ordne opp i menneskehandelen, sjølv om det er betydelege manglar ved rettssystemet.
Fryktar sex-slaveri
-Akkurat no har vi det mildt sagt forferdeleg. Det vil ta tid før vi kjem over dette sjokket, seier Gjertrud Håland, ei av dei som har teke seg av dei to jentene.
- Men vi gir ikkje opp, seier ho.
Dei to søstrene har fortalt at dei vart forsøkt kidnappa med sikte på menneskehandel i heimlandet. Dei fryktar at dei endar opp som sex-slavar viss dei blir sende tilbake til Moldova. I Aurland har lokalsamfunnet støtta opp om dei to, og ordføraren har engasjert seg for at dei skulle få bli. Også Kirkens Nødhjelp har teke opp saka deira.