Hopp til innhold

Begge kjempar for kvar sitt aust-vest-alternativ

Kampen om kvar den andre hovudvegen mellom aust og vest skal gå hardnar til.

Oddvar Grøthe og Harald Victor Hove

KONKURRENTAR: Hemsedalsordførar Oddvar Grøthe (Sp) og Harald Victor Hove har ikkje dei same økonomiske musklane.

Foto: MONTASJE: Gunnar Sandvik og Runa Victoria Engen / NRK

Både forkjemparane for riksveg 52 over Hemsedalsfjellet og riksveg 7 over Hardangervidda set inn ressursar for å overtyde politikarane fram til avgjerda skal takast til våren.

Nyleg løyvde fylkestinget 100 000 kroner til Hemsedal-forkjemparane. Men summen blir småpengar. For budsjetta til å drive påverknad og lobbyverksemd er svært ulik i dei to leirane.

– Vi har blant anna søkt kvar av kommunane om 20 000, Sogn og Fjordane fylkeskommune om 80 000, og der vi fekk 100 000 kroner. Samla sett har vi søkt om 350 000 kroner, seier leiar av interesseselskapet for Riksveg 52, Oddvar Grøthe.

Statens vegvesen la i dag fram ei KVU-utgreiing som konkluderer med Hemsedalsfjellet som beste hovudveg aust-vest.

VEGEN SKAL GÅ OVER HEMSEDALSFJELLET: Vegvesenet har konkludert med at riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er den beste vegen mellom aust og vest.

«Mikke Mus-pengar»

Summen som Grøthe har å rutte med for å vinne kampen om å bli den andre hovudvegen mellom aust-vest, er langt mindre enn kva dei som ynskjer vegen over Hardangervidda har å rutte med.

– Det er det budsjettet vi har og per no tykkjer vi det er eit greitt budsjett. Men eg trur det er svært lite samanlikna med det mange andre har når det gjeld vegsaker, seier Grøthe.

For motstandaren på andre sida av dalføret får summen til hemsedalsordføraren til å verke som «Mikke Mus-pengar». For medan Hemsedal har 350 000 kroner, har dagleg leiar Harald Victor Hove i Hardangerviddatunnelene eit budsjett på 2,2 millionar kroner – berre i år.

– Vi ber om utgreiingar nettopp fordi vi må underbygge våre argument for riksveg sju på ein fagleg og forsvarleg måte. Det må kunne etterprøvast, og det må syne for politikarane at dette er ei fagleg vurdering, og ikkje berre ei meining om at riksveg sju er best.

Inntektene til Hardangerviddatunnelene var enda større i fjor. Berre i fjor brukte forkjemparane for Hardangervidda 1,35 millionar på konsulentrapportar. Pengane kjem frå seks kommunar i Øvre Hallingdal og austre Hardanger.

– Vi har offentleg støtte som grunnlag for vår verksemd. Dette er det vi har å jobbe for i år, og vi håpar det skal vere nok til å overtyde politikarane, seier Hove.

Øst-vest traseer kart

KLART: Vegvesenet tilrår at Rv. 52 Hemsedalsfjellet blir vald som hovudveg mellom vest og aust. E 134 over Haukelifjell er alt valt som den andre.

Foto: NRK/Google Maps

Spleiselag

Det er eit spleiselag mellom offentlege og private Hemsedal hentar pengar frå, med nokre bidrag så små som 20 000 kroner. Men Hove i Hardangerviddatunnelane meiner likevel at konkurrenten over Hemsedal har meir ressursar til rådvelde enn kva som blir sagt fordi Hemsedal og Hordaland-diagonalen har gått i allianse.

– For vår del merkar vi at vi har gode økonomiske støttespelarar. Samstundes er vi svært klar over dei økonomiske musklane til våre konkurrentar i Hemsedals-alternativet er langt større enn den beskjedne summen dei har fått til å drive lobbyverksemd for, seier Hove.

I Hemsedal trur ordførar Oddvar Grøthe at hans sum likevel er nok.

– Vi har Statens vegvesen sin faglege rapport på vår side, det har ikkje dei, seier Grøthe.