Båt sokk etter å ha blitt treft av Fjord1-fartøy

Ein rutebåt frå Fjord1 har køyrd inn i fleire mindre båtar i gjestebrygga ved Quality Hotell i Florø sentrum.

KRASJA I BRYGGA: Båten frå Fjord1 mista kontrollen og køyrde inn i gjestebrygga i Florø. Ein fritidsbåt har søkke, ingen personar er meldt skadde. (Video: Egil Aardal)

Rutebåten Sylvarnes har køyrd inn i ved Fugleskjærskaia i Florø. Ulukka skjedde då kapteinen miste kontroll over fartøyet. Det melder Firda.

Laster Twitter-innhold

Ein fritidsbåt skal ha gått ned, ingen personar var om bord i denne. I tillegg er to andre båtar påført skadar. Så langt er det ikkje meldt om personskadar.

– Rundt klokka 16:28 fekk vi melding via AMK om at ein rutebåt frå Fjord1 har køyrt inn i og delvis over gjestebryggja i Florø. Den har mellom anna køyrt over ein fortøydd fritidsbåt, som etter påkøyrsla var i ferd med å søkke. Den har vi fått bekrefta at det ikkje var personar om bord i, seier Ole Tom Nord, ved operasjonssentralen i Florø, til NRK.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Båt sokk etter møte med Fjord1-båt

GJEKK UNDER: Ein båt har sokke etter samanstøyten. Ingen personar var om bord då ulukka skjedde.

Foto: Egil Aardal / NRK

Ikkje utslag på promille

Sylvarnes hadde tolv passasjerar og tre mannskap om bord. Etter ulukka gjennomførte politiet rutinemessig alkotest av kaptein, den viste null promille.

Kva som er årsaka til uhellet er det for tidleg å konkludere med.

Full utrykning til båtulukke i Florø

FULL UTRYKKING: Alle naudetatar rykte ut etter melding om ulukka.

Foto: Egil Aardal / NRK

– Vi har ein politipatrulje for å snakke med kapteinen, men har ikkje fått noko tilbakemelding derifrå, seier Nord.

På Twitter melder politiet no at kapteinen si forklaring tyder på svikt i styresystemet om bord.

Ventar ikkje større forseinkingar

Børre Einhjellen, regionleiar i Fjord1, seier dei har dialog med kapteinen, men at dei framleis veit lite om årsaka til ulukka.

– Kapteinen fortel at han delvis har mista kontroll over fartøyet. Noko meir enn det veit vi ikkje, seier han.

Fjord1 vil no sette inn ekstra fartøy for å kunne halde oppe rutetilbodet.

– Så framover no vil vi ikkje få nokon store forseinkingar, seier Einhjellen.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.