NRK Meny

Båt på skjer ved Florø

Om lag klokka 04.30 gjekk ein open fritidsbåt på grunn nordvest for Klubbeskjeret rett utanfor Florø. Politiet fekk melding om uhellet klokka 04.38, og brannvesenet i Florø sende ein mindre båt med lege ut til havaristen. Dei fekk kontakt med mannen i 40-åra som var åleine i båten. Han var uskadd, og legen kunne returnere. Politiet opplyser at mannen i 40-åra er mistenkt for båtpromille.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå