Hopp til innhold

Barry Kader på "tjuvperm"

Sogndalsspelaren Barry Kader skulle ha vore med på cupkampen mot Smørås, men var borte vekk.

Barry Kader
Foto: Arve Uglum / NRK

Då laget skulle reise til Bergen onsdag møtte ikkje den 23 år gamle spelaren frå Elfenbeinskysten opp.

Ingen i leiinga i Sogndal Fotball hadde fått beskjed om noko fråver.

- Teke perm

Håvard Flo
Foto: Sander Heggheim / NRK

Sportsleg koordinator Håvard Flo stadfestar forsvinningsnummeret.

- Han har nok teke seg ein perm som ikkje var avklart.

I Frankrike

Og no veit leiinga kvar Kader er, i Frankrike.

- Vi har hatt kontakt, og observasjonane går ut på at han er i Frankrike, ja.

Ny klubb?

Mykje tyder på at han er der for å sjå seg om etter ein ny klubb.

- Barry har vore her lenge. Det er vel ting som tyder på at han ynskjer å ta eit steg vidare i karrieren, og at turen er eit ledd i dei planane, seier Flo.

77 kampar for Sogndal

Barry Kader kom til Sogndal i 2006, og han har 77 kampar for A-laget. I fjor gjekk han lenge skadd.

- Er han misnøgd med lite speletid?

- Eg trur ikkje det går på det.

- Personalsak

- Sogndal Fotball har vel interne reglar på kva spelarane kan gjere og ikkje gjere og reaksjonar på slikt?

- Dette er ei personalsak, og den tek vi ikkje i media, seie sportsleg koordinator Håvar Flo.

Han har indikasjonar på at Barry Kader om ikkje lenge er på veg tilbake til Sogndal, men at han ikkje når seriekampen borte mot Stavanger laurdag.