Hopp til innhold

Barneskule slår alarm – born vert mobba gjennom ny app

Appen Tellonym gjer det mogleg å sende anonyme meldingar. No tek barneskule grep etter at elevar har fått krenkande beskjedar.

Tellonym

EIN NY APP I EI LANG REKKE: Jodel og Sararah er andre populære appar som tillèt brukarar å sende anonymiserte meldingar. Dette blir ofte misbrukt.

Foto: Eilin Spolèn Juva / MONTASJE

«Tellonym er den mest ærlege staden på internett. Sjå kva venene dine tenkjer om deg». Slik vert appen Tellonym omtalt i Google Play. Gjennom appen kan brukarane sende anonyme meldingar til kvarandre.

Rektor ved Naustdal barne- og ungdomsskule er bekymra etter at fleire elevar har fått krenkande meldingar gjennom den nye appen.

– Det er mange som har lasta ned appen, og dei brukar han til å sende krenkande meldingar, seier rektor ved skulen, Gunn Marit Haugsbø.

Ho har fått fleire meldingar om slike hendingar.

– Dette er veldig alvorleg, og me har nulltoleranse mot dette. Ein ting er jo det som er mogleg å spore, det som blir sagt direkte. Men her det altså snakk om anonyme meldingar som du ikkje veit kor kjem frå.

Åtvara foreldre på Facebook

Ho og ei eiga gruppe i skulen forsøker no å stoppe mobbinga, og i helga såg ho seg nøydd til å leggje ut ei bekymringsmelding på Facebook.

Bekymringsmelding, Naustdal barne- og ungdomsskule

Skulen har enno ikkje full oversikt over kor mange som er involverte, men dei jobbar for å få kartlagt situasjonen.

Ikkje ein app for born

– Born skal ikkje bruke ein sånn app, seier Hans Marius Tessem i Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS).

Han meiner at foreldra må stå saman og seie nei til at borna lastar ned slike appar.

– Ein ser at mange får desse appane tidleg, og når andre born brukar han, blir det vanskeleg for foreldra å seie nei. Her må foreldra stå solidarisk saman og seie nei til bruken av desse appane til borna er gamle nok til det.

Appar kjem og forsvinn

Jodel og Sararah er andre appar som blei populære på rekordtid, nettopp på grunn av moglegheita til å stå fram heilt anonym. Alle desse appane opererer med aldersgrenser.

I Tellonym må ein brukar velje om ho eller han er over 16 år eller ikkje. «Under 16» fører til at føresette må gje samtykke, men eit enkelt klikk på «over 16»-valet gjer at det problemet er vekke.

Organisasjonen Barnevakten har gjort ei vurdering av Tellonym, og påpeiker at moglegheitene som ligg i appen kan «verke både spennande og litt mystisk, samstundes som born og unge bør gjerast merksame på moglegheita for misbruk.»

Forstår ikkje formålet

– Eg er veldig glad for at skulen tar opp dette og tar tak i det, seier forelder ved Naustdal skule, Laila Claussen.

Ho kjenner ikkje til kva som har skjedd i den aktuelle saka, men er klar på at foreldra er nøkkelen.

– Vi har ansvaret for å ta opp dette med borna våre. Vi må snakke med dei. Anonymiteten er eit problem. Eg har vanskeleg for å skjøne kva ein skal bruke denne appen til på ein positiv måte. Det blir ei utruleg enkel kjelde til mobbing, seier Claussen.

Gunn Marit Haugsbø

BEKYMRINGSMELDING: Rektor ved Naustdal barne- og ungdomsskule, Gunn Marit Haugsbø, har måtta setje i gang ei kartlegging av kor stort problemet med Tellonym er ved hennar skule.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK