Hopp til innhold

Bålforbod i Førde

Brannvesenet i Førde har i samråd med politiet lagt ned forbod mot all bålbrenning. Forbodet gjeld også kommunane Askvoll og Naustdal. – Vi har hatt ein periode med lite nedbør og mykje vind, noko som har ført til lokalt stor brannfare, seier brannsjef i Førde, Bernhard Øberg.