Hopp til innhold

Bakst og brygg i samme tygg

ØVRE ÅRDAL (NRK) Desse damene byr på noko utanom det vanlege: På Tya får du bakeri og bar, eller bollar og øl, i eit og same konsept.

Staff at Tya

ANDRE BOLLAR: Frå venstre bakar Gro Holmen og bartender Anniken Teigen ved Tya Bakeri og Tya Bar i Øvre Årdal.

Foto: Privat

I Øvre Årdal skjedde ei spesiell etablering for eit godt år sidan: Bryggeri og bakeri i same slengen. Her får du handverksøl og heimelaga bakst under same tak, i eit hus ved Torget, der det tidlegare var ein klesforretning..

– Vi er vel mellom dei få i Norge som kombinerer bakeri og bryggeri, seier Anniken Teigen, som driv baren Tya Bar.

Ho seier konseptet er populært blant årdølene.

– Eg har fulle hus kvar einaste helg. Og bakeridelen er populær. Men folk kan bli flinkare til å prøve dei nybakte brøda. Men vi merkar at det er sommar, det er stor pågang frå turistar og utflytta årdøler som er heime på ferie.

Gro Holmen er bakar. Ho fortel at dei utnyttar ressursane frå ølbrygginga i ein del av bakverket.

– Her får du brød og kaker, focaccia-inspierte med surdeig. Tya-brødet er signaturbrødet vårt, der me brukar restane frå ølbrygginga, som vørt, seier ho.